ULLVEKA 2018 vert arrangert for femte gong i perioden 19. - 28. Oktober 2018. Etter fire suksessfulle Ullveker ønskjer arrangørane også i år å lage ein ullen folkefest, og programmet vert oppdatert i tida framover.
Vi byr på norske og internasjonale ullkjendisar og fleire kurs og aktivitetar innan toving og strikking. Dei ulike aktørane byr på demonstrasjonar, omvisningar, foredrag, utstillingar, marknader og strikkekaféer.
ULLVEKA er ei festveke med ull i fokus. Programmet er variert og vil ha tilbod for både born, unge og godt vaksne. Her kan ein møte ullentusiastar frå heile verdikjeda - frå bonde og produsent til handverkar og formidlarar. Ullveka`18 ønskjer å inkludere alle frå nybegynnarar, skapstrikkarar, tovekunstnarar til erfarne og glade ullnerdar.
ULLVEKA`18 er eit samarbeid mellom Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Nordhordland Husflidslag, Norsk Trikotasjemuseum, Hordaland Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland, Norilia, Knarvik Senter, Sommerakademiet, Galleri Rustica, Hordaland Fylkeskommune, Karin Flatøy Svarstad med flere.
Arrangørane håper med ULLVEKA`18 å være med på å bevare og formidle vår samla kunnskap om ull, og samtidig gje det tradisjonelle ny aktualitet ved å inspirere til å bruke gamle handverksteknikker på nye og moderne måtar. Hovedfokuset for ULLVEKA`18 vil være på norsk ull og dei uendelige bruksmåtane vi har med våre kortreiste råvarer fra sauen.
Målet er at ULLVEKA skal være et årleg arrangement kor vi feirar, skapar og er kreative i ullas teikn!