ULLVEKA 2021
  • HEIM
  • ULLVEKASJALET 2020
  • OM ULLVEKA
  • REISE
  • KONTAKT
  • HEIM
  • ULLVEKASJALET 2020
  • OM ULLVEKA
  • REISE
  • KONTAKT

BILLETTAR ER FOR SAL HER ​​

Sundag 25. oktober​

KURS: PLANTEFARGING PÅ GRIPEN GARD
På kurset blir det plantefarging med ville vekstar etter gamle tradisjonar med vedfyrte omnar. Vi gjer forarbeidet på førehand, slik at dykk berre kan hive garnet rett i fargegrytene når de kjem. Dykk fargar garnet, og vert guida gjennom fargeprosessen steg-for-steg. Om de ikkje toler røyk frå vedkomfyr, kan vi legge til rette for farging med elektriske kokeplater.
De tar sjølv med 100g garn bunden opp i små hesper av garn på 25g som de vil farge på kurset, og det er også høve til å kjøpe garn til farging hos Helene på Gripen Gard. Kle dykk etter været i klede som toler søl, sidan plantefargingskurset er utandørs. Gode oppvaskhanskar og forkle. Dette er inkludert: Totalt farga 100g med eiga garn. Eit kurshefte med oppskrift og enkel instruksjon på korleis de fargar garn heime. Lett bevertning av kaffi, te og kaffimat.
Kurshaldar: Sascha Camilla Gade  som driv Vaid Plantefargeri
Stad: Gripen gard, Gripavegen 86, 5919 Frekhaug.
Tid: kl 12-17
Pris: kr 960,-
​Arr: Gripen gard
Transport: De må kjøre bil for å komme til Gripen gard, det går ikkje buss dit. Av omsyn for miljøet anbefalast samkøyring
www.gripengard.no

FAMILIESØNDAG PÅ LYNGHEISENTERET
Familiedag med ullaktivitetar. Ulike aktivitetar for heile familien med ull involvert. Karding og spinning, toving, strikking mm. 
Stad: Lyngheisenteret på Lygra
​Tid: kl 12-16
Pris: kr 50,- (kjøpes på Lyngheisenteret)
Arr: Lyngheisenteret på Lygra, MUHO
www.lyngheisenteret.no

UTSTILLING: ULLTILALT
Utstilling med eit mangfald av ting tova av ull.
Stad: Galleri Rustica, Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug
Tid: kl 12-18 (17/10-1/11)
Pris: Fri inngang
​Arr: Galleri Rustica
www.gallerirustica.no

Powered by Create your own unique website with customizable templates.