Fredag 27.september inviterer Ullveka til konferansedag og tankesmie på Lyngheisenteret:
ULLVEKEKONFERANSEN 2024
Ull og lokal produksjon
Ull og lokal produksjon
I Nordhordland UNESCO Biosfæreområde er det fleire sauar enn menneske.
Opplysninga er å sjå i Sirkulære Nordhordland; Lyngheisenteret sin nye utstilling dei har utvikla saman med Nordhordland UNESCO Biosfære.
Utstillinga er eit aktuelt utgangspunkt for Ullvekekonferansen.
Ull er eit naturleg sirkulært materiale. Dei gode natur- og klimaeffektane til ulla forsterkast når han i tillegg produserast, foredlast og nyttast så lokalt som mogeleg.
Korleis kan vi som arbeider med ull på ulike måtar tenke konstruktivt og utviklande om framtida?
Kva kan «kortreist» og «lokalt» bidra med i utviklinga framover?
Kva har vi og kva draumar vi om?
Ingun Grimstad Klepp, professor i klé og berekraft ved OsloMet, har dagens første foredrag.
Ho vil vise korleis ull og kle er viktig for opplevinga av å vere frå ein plass samstundes som det blir oversett når lokal produksjon og sjølvforsyning diskuterast. Ho vil argumentere for at vi treng ein betre forståing for den tekstile verdikjeda i Norge, og korleis den kan bidra i oppbygginga av eit nytt globalt system for produksjon og forbruk. Lokale kle kan dermed bidra til meir stoltheit og aktivitet lokalt, og betre rettferd og arbeidsdeling globalt.
Vidare vil vi få høyre om lokale og nasjonale tiltak for lokal foredling av ull, både til kle og til andre produkt; historier frå Nordhordland, Norge og Sverige.
Vi håper dagen blir ei tankesmie og ein nettverksplattform for nye koplingar.
Pris: 390,-
Arr: Ullveka
Meld deg på her

Les heile programmet her: