"Rufsetufs"
Ullvekesjalet 2024 Designaren, Hege-Therese Nilsen, er husflidskonsulent i Hordaland, og har vore Norges Husflidslags representant og bidragsytar til Ullveka sidan starten. Ho designa ullvekesjalet for fire år sidan, og gjer i år comeback med god hjelp av kollegaer. Årets design med tittelen «Rufsetufs-sjalet» har nemleg blitt til på tur i organisasjonen både her og der – frå Oslo til Bodø. Kollegaer frå Norges Husflidslag har gitt innspel undervegs i prosessen, og resultatet er (akkurat som opphavspersonen) ein sprudlande fargesymfoni, med ei djupare meining og mykje varme på innsida. Holdbart har vore satsingsområdet til Norges Husflidslag dei siste seks åra, og her har du i god gjenbruksånd høve til å gjere eit innhogg i restegarnkassa. Med ein basisfarge til sjølve sjalet kan du supplere med frynser i heile regnbogens fargar, eller halde deg til ein fargeskala om det høver betre. Og teknikken er så enkel at alle kan få det til! Lykke til og kos deg med arbeidet. |
Foto: Ingvild Eknes
|
Oppskrifta finn du her:
|