Orda stammar frå ein engelsk designar som vitja Marta Kløve Juuhl sin vevstove i samband med flettverkprosjektet på Osterøy Museum i 2014. Orda har blitt Martas motto. «Weaving is life» er meiningsfullt som språkleg metafor for liv og samarbeid. For Marta er dei bokstavelege: vevinga er livet – og det har den vore i heile hennar yrkesaktive liv. Ho har vove på oppdrag for andre, for bevaring, utvikling og forsking. Ho har vove messehaklar til kykjer, møbelstoff, stoff til klde og ikkje minst arbeida med å bevare den rike tradisjonen med oppstadvev i Norge, mellom anna gjennom boka «Oppstadveven»; eit tverrfagleg samarbeid mellom Norge (representert av Marta), Shetland og Island 2016.
No er ho aktuell med nye kykjetekstilar til Hamre kyrkje, og som ein av fleire handplukka vevarar som har vove nye putetrekk til benkane i Oslo Rådhus. Dei skal innvigast under seremonien til Nobels Fredspris 10.desember seinare i år. I tillegg arbeider ho som ein av fleire bidragsytare til ei bok om åkle frå Nordhordland, og ei vitenskapeleg artikkel om ein flosstekstil frå Borgund av Monika Sunnanå Ravnanger, Martas arvtakar på Osterøy Museum.
I Ullvekeutstillinga vil du sjå eit breitt utval av arbeida hennar. Ho har eit rikt spekter å vise fram; vi får mellom anna sjå kyrkjetekstilar, bunadstekstilar og møbeltekstilar.
Marta blei utdanna vevlærar i 1977 og har formidla heile vegen ved sidan av å drive eige vevstove sidan 1989. Ho har bidratt til samfunnet på fleire vis; som vevlærar på Garnes Husflidsskule, gjennom formidling på Osterøy Museum og gjennom å produsere godt vove handverk i vevstova. Det er ikkje mange som kan ta opp stafettpinnen etter Marta med den breie kunnskapen ho har innom veving. Det blir færre og færre som kan veve til bunadar og andre brukstekstiler vi gjerne vil ha produsert for hand. Men kanskje kan ei utstilling som denne bidra til at fleire får auga opp for den rike tradisjonen vi må ta vare på og som Marta framleis lever ut gjennom aktivt å drive eigen vevstove – sjølv om ho stadig tenker at no er det vel det siste. Men.. Det er vanskeleg å leggja det frå seg: Weaving is life
Ullvekeutstillinga som syner den breie verksemda til Marta er å sjå i sanserommet hos Hillesvåg Ullvarefabrikk fram til og med 26.oktober i fabrikkens opningstider.