Årets Ullvekeutstilling hos Hillesvåg Ullvarefabrikk syner fram arbeid frå bokprosjektet Strikkekraft av Anne Bjørke. Arbeidet presenterer 21 design for handstrikk av designerar frå både Noreg og fleire andre land. Dei har alle henta inspirasjon frå maskinstrikka plagg frå Norlender Knitwear på Osterøy.
Prosjektet rommer ei utforsking av korleis strikketradisjonane designarane kjem frå pregar designuttrykka; kor langt dei bevegar seg til eller frå inspirasjonsplagget. Det gir eit innblikk i korleis vi ser oss sjølve, korleis vi blir sett og kva som blir skapt når vi møtast i kvarandre sine tolkningar.
Foto: Jørgen Magnus
Boka Strikkekraft gir òg eit kort overblikk over norsk tekstilhistorie og fortel historia til Norlender. Vidare er tema som fordelane med rein ull, bruken av norsk ull og berekraft løfta fram. I utstillinga kan du sjå alle dei 21 plagga frå boka, inkludert dei to som er kjøpte inn av Nasjonalmuseet og stilt ut i deira faste utstilling En sammenhengende tråd. Ullveka Vestland er stolte av å løfta fram dette prosjektet som set fokus på tekstilhistoria her i Vestland gjennom både norske og internasjonale auge.
Designerane: Følgjande designarar deltok i prosjektet frå Noreg: samiske Ann-Kristin Rande, Eli Leistad (Skeindeer), Helle Siggerud, Robert Torrissen (Hardbarka Design) og Tina Hauglund (Strikkezilla). Frå andre land deltok Aleks Byrd (fødd i USA, med røter frå Estland) Iaroslava Rud (Ukraina) Julie Dubreux/Julie Knits in Paris (Frankrike), Sylvia Watts-Cherry (Nigeria/Skottland) og Terri Malcolmson Leask (Shetland).
Bidrag til prosjektet: Både Hillesvåg Ullvarefabrikk og Rauma Garn sponsa garn til prosjektet. Finansiering til gjennomføring kom frå Norsk Faglitterær forfatter- og oversetterforening, Vestland fylkeskommune, Vener av Mjøsvågen og Norlender Knitwear AS. I tillegg har det vore lagt ned mange dugnadstimar frå både initiativtakar/forfattar Anne Bjørke og mange frivillige.