VELKOMEN TIL ULLVEKA 2026! 25.september til 04.oktober
Ullveka sin heimeside er under utvikling og skal bli heilt ny! Vi håper på ei lansering etter påske.
Fram til då oppmodar vi alle dykk som er nyskjerrige på kva som skjer til å oppsøke heimesidene og dei sosiale plattformane til arrangørane. Lenkeliste ligg her: "samarbeidspartnarar". (Ullveka deler det arrangørane inviterer til på sin Instagram og Facebook, men produserer ikkje eige innhald no i denne fasen av arbeidet.)
Det er òg mogeleg å sjå programmet for 2025 dersom du treng ei peikepin for kva Ullveka er, og kva som pleier å foregå. Sjå glimt frå Ullveka 2025 i bildekarusellen under (frå instagramhistoriar 2025, @ullveka):
Ullveka Vestland er eit samarbeid mellom Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Tekstilindustrimuseet, Osterøy Museum, Utvandrarsenteret, Nordhordland Husflidslag, Hordaland Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland Husflidslag, Sommerakademiet, Gripen Gard, Galleri Rustica, Den Grøne Fabrikken, Nordhordland UNESCO Biosfære, Smak av Nordhordland, AMFI Knarvik, med fleire. Ullveka Vestland får driftstilskot frå Alver kommune, og mottar støtte til utvikling frå Vestland Fylkeskommune i 2026. I tillegg vil Ullveka trenge støtte frå sponsorar og andre støttespelarar for å etablere stødig og berekraftig økonomisk drift framover.
Arrangørane og samarbeidspartnarane sitt mål er at Ullveka skal bidra til å bevare og formidle kunnskap og samtidig gi det tradisjonelle ny aktualitet ved å inspirere til å bruke gamle handverksteknikkar på nye og moderne måtar. Hovedfokuset for Ullveka er å fremje norsk ull og dei uendelege mogelegheitene vi har med våre kortreiste råvarer frå sauen.