ULLVEKA 2020 vert arrangert for sjuande gong i perioden 16. - 25. Oktober 2020.
Velkommen til ei feiring av norsk ull, dei norske sauerasane, og våre rike tekstiltradisjonar!
Ullveka byr på kurs og aktivitetar, demonstrasjonar, omvisningar, fåredrag, utstillingar, ullmarknad og strikkekaféar.
ULLVEKA er ei festveke med ull i fokus. Programmet er variert og vil ha tilbod for både born, unge og godt vaksne. Her kan ein møte ullentusiastar frå heile verdikjeda - frå bonde og produsent til handverkar og formidlarar. Ullveka`20 ønskjer å inkludere alle frå nybegynnarar, skapstrikkarar, tovekunstnarar til erfarne og glade ullnerdar.
ULLVEKA`20 er eit samarbeid mellom Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Nordhordland Husflidslag, Norsk Trikotasjemuseum, Hordaland Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland, Norilia, Knarvik Senter, Sommerakademiet, Galleri Rustica, Region Nordhordland, Hordaland Fylkeskommune med fleire.
Arrangørane håper med ULLVEKA`20 å være med på å bevare og formidle vår samla kunnskap om ull, og samtidig gje det tradisjonelle ny aktualitet ved å inspirere til å bruke gamle handverksteknikker på nye og moderne måtar. Hovedfokuset for ULLVEKA`20 vil være på norsk ull og dei uendelige bruksmåtane vi har med våre kortreiste råvarer fra sauen.