OPPSTADVEV FOR STOR OG LITEN med Mette Rude. I år set Galleri Rustica saman ei spennande utstilling der ein vil få sjå- og få innføring i oppstadvev og produkt laga på denne type vev. Det blir høve til å veve. I tillegg blir nokre objekt frå Norske Filtmakeres utstilling "Byggje bruer" som sto i Fredrikstad 2022 stilt ut no i Ullveka. Gjestekunstnar Katarina Wiklund frå Sverige vil òg delta med arbeider i utstillinga. Wiklund kjem frå Sverige for å delta på opninga laurdag 30.september kl 12.00. Les meir om kunstnaren her i lenka til Katarina Wiklund og Susanna Wiklund sin heimeside.
Onsdag 04.oktober er det eit fåredrag med Mette Rude. Sjå program.