KURS: GAMMALNORSK SPÆLSAU - Ulla frå sauen til ferdig garn (18.-20.okt)
Historia om den gammalnorske spælsauen og korleis den ble redda frå å døy ut. Denne hardføre og fargerike sauen er spesiell med sin mjuke underull og sine lange glansfulle dekkhår. Hos Lars Tyssebotn og Berit Ophus på Osterøy kan du være med å følgje ulla frå sauen til ferdig garn. Kurshaldarar: Berit Ophus og Lars Tyssebotn Stad: På garden til Berit og Lars på Bernes, og Fjordslottet Hotell, 5283 Fotlandsvåg. Tid: 18-21 (fredag), 9-21 (laurdag), 10-12 (sundag) Pris: kr 1100,- (3 dagar) + hotellopphald 3 dagar på Fjordslottet Hotell Sjå fullstendig program på tikkio.no Arr: Fjordslottet i samarbeid med Osterøy Ysteri www.fjordslottet.no - Om praktisk sauehald, kjøt og ull. - Vi klipper sau og lam. - Ullbehandling, karding og spinning; praktisk øving og læring. - Ferdig garn og ull frå gardens sauer kan og kjøpast. - Omvisning i ysteri og produksjonslokale for spekemat, forteljing om mjølkegeita, støling, ysting og om å leva som heiltidsbonde før og nå. Vi smaker på gardens produkt. Program: Fredag: Innsjekk etter kl. 16.00 Kl.18.00 Samling for gjennomgang av program og bli kjent mingling. Kl. 20.00 2-retters middag. Laurdag: 08.00 - 09.00: Frukost 0930 - 12.00 Kurs på garden hjå Berit og Lars. 12.30 - 13.30 Lunsj på Fjordslottet 14.00 - 16.00 På garden hjå Berit og Lars. 16.30 Omvising hjå Norlender knitwear AS 19.30 Festmiddag og sosialt samvær. Bildekåseri av fotografen og forfattaren av boka LIVREDDAREN - Dei gamle norske sauerasene: Nils Olav Mevatne. Sundag: 09.00 - 10.00 Frukost 10.00 - 12.00 Oppsummering, evaluering og mingling om garn og strikking. Erfaringsutveksling 12.00 Lunsj Utsjekk Kurspris: kr. 1.100.- (hotellopphald kjem i tillegg, og må bookast direkte hos Fjordslottet. Det er ikkje mogleg å melde seg på berre kurset. Pass på at kurspåmeldingar og booking av hotellopphald vert samkjørte.) Alt 1: Hotellopphald fredag – søndag m/full pensjon (sjå program): Dobbeltrom per person kr. 2.065.- Enkeltrom kr. 2.465- Alt 2: Hotellopphald laurdag – søndag med full pensjon (sjå program): Dobbeltrom per person kr. 1.450.- Enkeltrom kr 1.650.- Bindande påmeldingsfrist: 1. oktober 2019 (Min 5/maks 12 deltakarar) Påmelding hotellopphald: [email protected] For informasjon kontakt 91628444 Lars og Berit driv ein tradisjonelt Vestlandsgard med mjølkegeit og gammalnorsk spælsau på garden på Bernes og på stølen i Tyssebotn og dei driv Osterøy Ysteri. Dei kokar geitost og produserer ulik spekjemat og anna kjøtmat av sau, geit og hjort. |