KURS: KREATIV TOVING (19.-20.okt, helgekurs)
Skulptur, store og små steinar i ull. To dagar med kreativ utfolding og med inspirasjon og påfyll. Tema er stein, riktig kreativt der mjukt materiale blir til stein. Kurshaldar: Nina Tvedt Sliper Stad: Fana, Bergen Tid: kl 9-16:30 Pris: kr 1785,- (2 dagar) Sjå fullstendig program på tikkio.no Arr: Sommerakademiet www.sommerakademiet.com Min 8/Maks 14 deltakarar orgnr 989087479 Bankkontonr 05333178869 Kontakt: Karin Flatøy Svarstad Tel +47 952 15 399 E-post [email protected] På dette kurset kan du la fantasien få fritt spillerom når det gjeld fargar og form. Ein kan sette saman sine eigne fargar og lage den formen ein synes passar best. Dette blir to inspirerande og kreative dagar med ull og toving. Kurset passar for alle, og om du ikkje har tova frå før. Du får utfolde deg med ull, såpe og vatn og lage store og små steinar. Det kan bli til ein stein å sitje på eller ein kan plante i den. Ull har mange muligheiter og det å jobbe med skulpturelle formar er noko som ull og teknikken toving passar godt til. Nina veileder gjennom hele filte prosessen fram til ferdig produkt. På kurset får du prøve ut fleire ullkvalitetar. Materialar kan du kjøpe på kurset. Ta med lunsj. Kaffe og te samt noko til kaffen er inkludert. Kurset fortsett søndag kl 09-16:30. Kl 13 er det foredrag med Karin Flatøy Svarstad på Hordamuseet. Tema: North Atlantic Native Sheep and Wool. Dette er ein del av kursprogrammet. Foredraget omhandlar sau og ullproduksjon rundt Nord Atlanteren. Det handlar om samfunna i Vesterled, Shetland, Orknøyene, Færøyene, Island, Grønland, Ytre Hebridene, Isle of Man og Norge, dette er bokstavelig talt i vikingane sine fotspor rund Nord Atlanteren. Kva arv med tanke på sau har dei etterlatt seg? Spennande og absolutt aktuelt no om dagen. Det er kort avstand frå der kurset vert halde til Hordamuseet der foredraget er. Nina har arbeida med ull og toving i mange år. Ho er filtmakar og er medlem av Norsk Filtmakere som i år feirer 25 år. Nina jobbar med ull og toving på heiltid. Ho har sin eigen verkstad i Stavanger. Ho har lang erfaring som instruktør innan kreativ toving. Ho er ei inspirerande, allsidig og svært dyktig filtmakar. For meir informasjon: E-mail: [email protected], Mobil +47 952 15 399, www.sommerakademiet.com |