KURS: VEVING PÅ OPPSTADVEV (19.-20.okt, helgekurs)
Med tradisjon og fantasi - utforsk oppstadveven På kurset vil ein lære å veve på ein oppstadvev Vi vil hente inspirasjon frå tradisjonell veving og frå museumssamlingane og bruke fantasien til å skape nye utrykk i veven. Kurshaldar: Monika Ravnanger. Stad: Osterøy Museum, Gjerstad v/Lonevåg Tid: kl 9-16 Pris: kr 3200,- (2 dagar, inkl. materialar) Sjå fullstendig program på tikkio.no Arr: Osterøy Museum www.muho.no Maks 8 deltakarar Osterøy museum, Gjerstad, 5282 Lonevåg Kontakt Tlf. 904 19 225 Epost: [email protected] Oppstadveven, er den eldste vevstolen vi kjenner til og den kan ha vore i bruk alt i steinalderen. Når stein-lodda kling i oppstadveven er det same lyden som fylgde vikingkvinnene sitt arbeide med klede og storsegl til vikingskipa. Nordhordland er ein av berre to regionar der bruken av oppstadvev har halde seg levande fram til våre dagar. På Osterøy museum er vi difor opptekne av å formidle denne kunnskapen vidare til nytte og glede for dagens handverksinteresserte. På kurset vil ein lære å veve på ein oppstadvev. Vi vil hente inspirasjon frå tradisjonell veving og frå museumssamlingane og bruke fantasien til å skape nye utrykk i veven. Det vert høve for å prøve ut forskjellige kvalitetar og teknikkar i veven. Vi vil bruke tradisjonell norsk ull og sjå på kva mogelegheiter den gir i veven. Kurshaldar Monika Ravnanger er tekstildesignar av utdanning og arbeider som tekstilhandverkar ved Osterøy museum. I samband med kurset får du eit spesialtilbod på overnatting og mat på Fjordslottet: Prisar: Opphald fredag - søndag m/fullpensjon: 2 frukoster, 2 lunsj, middag, kaffipausar med frukt/heimebakst, kurslokaler. kr. 1.800.- pr. pers. i dobbeltrom med lunsj søndag ( uten middag fredag kveld.) kr. 2.200.- i enkeltrom med lunsj søndag (uten middag fredag kveld.) Opphald laurdag - søndag med full pensjon: frukost (søndag), 2 lunsj, middag, kaffipauser med frukt/heimebakst, kurslokale. kr. 1.450.- pr. pers i dobbeltrom. kr. 1.650.- i enkeltrom. Dagpakke laurdag med lunsj søndag: 2 lunsj, kaffipauser med frukt/heimebakst, middag kurslokale. kr. 995.- pr person. |