KURS: RÅULL OG FABRIKKSTRIKK - Bearbeiding og forming (25.-26.okt)
Eit kurs i å kombinera råull frå lokale sauer med fabrikkstrikka ullmateriale, og ved toving og våtbearbeiding, saum og handbrodering få fram eit ferdig produkt. Kurshaldarar: tekstilkunstnar Else Karin Tysse Bysheim og designar Astrid Tveiten, Norlender. Stad: Norlender Knitwear as, Osterøyvegen 2184, Hosanger Tid: kl 17-20 (fredag), 10-16 (laurdag) Pris: kr 1500,- (2 dagar) Materialkostnader kjem i tillegg. Arr: Norlender i samarbeid med Osterøy Kunstlag Else Karin er tekstilkunstnar og har hatt mange utstillingar og gjennomført prosjekt der ho har nytta ull som materiale. Astrid er designar på Norlender og har lang erfaring i design og produksjon av ullprodukt. I kurset på Norlender vil me kombinera desse to sine erfaringar og uttrykk og la kursdeltakarane få utfolda seg med ull og strikkerestar frå produksjonen. På saumsalen vil me så assistera deltakarane om dei vil sy seg noko fint av det dei lagar. Påmelding: innan 1. oktober (Min deltakarar 5 stk, max 10 stk) For meir informasjon kontakt: [email protected] eller til Else Karin: [email protected] tlf. 90986722. Etter påmelding vil deltakarane motta meir informasjon. Ullveke-tilbod på overnatting på Fjordslottet Hotell: Fredag innsjekk og kveldsmåltid. Overnatting med frukost 2 døgn og 3 retters festmiddag laurdag. Per person i dobbeltrom kr. kr. 1.590.- (fredag – sundag). Enkeltrom kr. 1990.-. |