Ullvekasjalet 2019 heiter "Krusingar", og strikkemønsteret er designa av Kathrine Bauck-Nordeide.
Sjalet er eit stort, lett og lekkert trekantsjal i eintråda villsaugarn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Det er strikka i rettstrikk med hólmønster frå begge sider, slik at det ikkje er forskjell på rett- og vrangside. Av andre garn kan du til dømes bruke Fin gammel Selbu og Smale frå Selbu spinneri eller Idun frå Telespinn for same florlette utrykk. Alternativt kan du bruke Sølje pelsullgarn frå Hillesvåg, sjalet vert då litt tjukkare. Mønsteret finn du her.