Første helga i Ullveka arrangerer vi Ullvekekonferansen på Alver Hotel med festmiddag på hotellet lørdagen. Det blir eit variert program med ulla i sentrum - både historisk og nåtidig. Vi har eit særleg auge på berekraft og Husflidslaget sin satsning "Holdbart" dette året (som i 2019). Vi får møte fleire viktige formidlarar i vår region som alle på kvart sitt felt gir innsikt i oppdatert kunnskap på sine felt. Husflidskonsulent Hege Therese Nilsen er første fåredragshaldar ut med "Bøt og betring". Vidare får vi ulla i historisk perspektiv, nåtidig perspektiv og ikkje minst i eit framtidsperspektiv med fåredrag frå blandt fleire Ingun Grimstad Klepp frå SIFO på OsloMet på søndag. Vi avslutter helga på søndag ettermiddag med ein panelsamtale om vegen vidare og kva handlingsrom ein har for ulla som ressurs slik situasjonen er idag og kva rolle kan ulla spille i tida framover? Kan ulla vere ein brikke i det grøne skiftet?
Alver Hotel har god pris på overnatting for Ullveka sine deltakarar alle dagane; 20-30. oktober.