ULLVEKA 2022
  • HEIM
  • ULLVEKEKONFERANSEN 2022
    • OM ULLVEKEKONFERANSEN
    • PROGRAMOVERSIKT 22-23 OKT
    • LØRDAG 22.OKT
    • SØNDAG 23.OKT
  • PROGRAM 2022
    • PROGRAMOVERSIKT 2022
  • UTSTILLINGAR 2022
  • ULLVEKESJALET 2022
  • OM ULLVEKA
  • TILREISANDE
  • KONTAKT
  • ARKIV
  • HEIM
  • ULLVEKEKONFERANSEN 2022
    • OM ULLVEKEKONFERANSEN
    • PROGRAMOVERSIKT 22-23 OKT
    • LØRDAG 22.OKT
    • SØNDAG 23.OKT
  • PROGRAM 2022
    • PROGRAMOVERSIKT 2022
  • UTSTILLINGAR 2022
  • ULLVEKESJALET 2022
  • OM ULLVEKA
  • TILREISANDE
  • KONTAKT
  • ARKIV

ANNE GRETE BREISNES

Årets ullvekeutstillar 2021

Picture
​Ullveka lanserer i 2021 "Årets Ullvekeutstillar”.
 Vi ønsker å sette fokus på aktørar i vår region som arbeider med ull på eit vis som bør løftast fram og bli satt lys på.
 
Som første ut har vi Anne Grete Breisnes, vevar og plantefargar..
Instagram: @annegretebreisnes

Ho er Husflidshandverkar og har vore aktiv i mange år både ved veven og ved fargegrytane. 
På verkstad sin i Kunsthuset på Austrheim har ho i ei årrekke trylla fram dei lekraste tekstilane i ulike fibrar. I Ullvekeutstillinga 2021 skal vi sette fokus på arbeidene i ull. 
 
Anne Grete har ein spennande verksemnd i vevane sine. Ho har eksprimentert og prøvd ut mykje i ulike enkle- og avanserte bindingar, mange av dei i villsauull. Nokre av tekstilane er såpass komplekse at det rett og slett er imponerande at dei ar laga utan datastyrt vev. Anne Grete er glad i å dele av kunnskapen sin og underviser i vev både i eigen verkstad og i Bergen.

Etter fleire utprøvingar i avanserte bindingar kjøpte Anne Grete seg ein slik datastyrt vev med mange skaft. Men sjølv om ho no kan ta i bruk datavev som lettar arbeidsprosessen i dei mest kompliserte bindingane noko, så er det ikkje alltid ho gjer det likavel. Ho har ein grunnleggande nyskjerrigheit som driv ho i stadige nye utprøvingar og det ligg ein grundigheit i botn som gjer at ein berre må la seg imponere av Anne Grethe sitt arbeid. 
Og ikkje minst: heile tida gle seg i spenning til kva ho kjem opp med vidare. 
 
Vi er stolte av å få vise Anne Grethe sine arbeider i Ullveka, og vi er faktisk og spent på kva vi skal få sjå - noko av det er rett og slett i produksjon i skrivande stund!
 
Det vil og vere mogeleg å kjøpe Anne Grethe sine arbeider. Ho vil vere tilstades torsdag kveld når Hillesvåg Ullvarefabrikk arrangerer Natt på fabrikken.

Powered by Create your own unique website with customizable templates.