VIL DU VERE UTSTILLAR PÅ ULLMARKNADEN I KNARVIK SENTER? Ullmarknaden går føre seg fredag 18.okt kl 12-20 og laurdag 19.okt kl 11-18.
Ullveka har som mål å fremje bruken av norsk ull. Sal av produkt må difor vere i tråd med dette. Det er plass til 25 utstillarar som sjølv stiller med bord og stoler. Kart med nummer på tildelt plass blir sendt ut før 18.okt. Pris per stand er kr 350,-. Nytt av året er at vi nyttar Tikkio.no for påmelding til Ullmarknad. Lenke til påmelding finn du HER. Velkommen!