Ullvekesjalet 2022 heiter "DRÅPER", og mønsteret er designa av Åse Brit Andreassen, medarbeidar på Husfliden i Bergen, herreskreddar og dreven strikkar.
Sjalet er inspirert av den regntunge sommaren i Bergen og på vestlandet. Alle hola symboliserar dråpane.
Sjalet er lite, lett og smalt. Det er ei stripe med hol som danner mønsteret, og Åse Brit har funne sin eigen og enkle form for "icord" langs kanten. Det er ganske lett- og raskt strikka.
Du treng ei hespe med Sølje eller Vilje frå Hillesvåg Ullvarefabrikk for å strikke sjalet.
Mønsteret finn du i på trykk i Ullvekemagasinet, eller som nedlastbar pdf øverst her på sida.
Tagg gjerne det ferdige sjalet ditt med #ullveka2022 på Instagram.
Ønskjer du å strikke eit av dei tidlegare ullvekasjala? Download File Ullvekesjalet for 2021 finn du her. Ullvekesjalet for 2020 finn du her. Ullvekesjalet for 2019 finn du her. Ullvekesjalet for 2018 finn du her.