Tekst: Norges Husflidslag
Om prosjektet Ull er eit materiale med ein lang tradisjon i Norge, som fortsatt vert mykje brukt og som har fantastiske kvalitetar. Likevel heldt materialkunnskapen på å forsvinne, og det same gjeld ferdigheitene knytt til korleis ull kan brukast og foredlast. Dette vil Norges Husflidslag endre, og fram til 2018 skal difor norsk ull i alt stå fremst på agendaen! Å bruke ull har ei lang tradisjon i Norge, og det eldste ullplagget vi har funne her til lands er heile 1700 år gammalt. Fram til industrialiseringa var ull saman med lin det dominerande tekstilet. Vadmelstøy, strikka genserar og jakker, strømper, luer og vottar var laga i heimespunne garn av ull frå norske sauerasar. I strikkeplagga ser vi og ein rik mønster-flora som stadig vert vidareført og utvikla, og tradisjonelle mønstre som dei frå Setesdal, Fana, Selbu og Nordland er alle utvikla med utgangspunkt i den norske ulla. Ein rik mønstertradisjon finn vi og i vevinga av ulike innreiingstekstiler som åkle, dukar og båtryer, med utallege lokale variantar. Her har ulla vore eit sjølvsagt materiale. I den norske biletvevtradisjonen har det også blitt brukt dekkhårsull av spælsau. Ull har altså vore, og er framleis, eit populært materiale – og ulla dukkar både opp som ein del av høy-søm (haute couture) og kvardagsmoten. Norsk ull har fantastiske kvalitetar Ull er heilt unikt materiale, med mange fantastiske kvalitetar. Ulla isolerer mot kulde og varme, den kan ta opp 35-40 prosent fuktigheit før den kjennes fuktig, den har styrke og spenst, den kan filtast sånn at den vert vassavstøytande og gir slitesterke plagg som kan brukast gang på gang! Kort sagt er ull eit materiale med utruleg mange gode eigenskaper. Sauerasane i Norge er tilpassa eit vått og kaldt klima, og ulla deira likeins. Så den norske ulla er perfekt til ytterbruk. For mange er den for grov til å ha rett på kroppen, men den egner seg godt til handstrikkegarn og teppegarn. Kortreist og miljøvennleg I motsetning til store deler av verdas tekstilindustri, så er den norske ulla miljøvennleg, kortreist og eit etisk godt produkt. Gjennom generasjonar har det blitt lagt vekt på avl og god sortering av ull, og Norge er det einaste landet som har nasjonal klassifisering av ulla. Sauen er vaksen opp i eit kaldt klima og eit rent miljø, med lite sjukdom og bruk av sprøytemidlar, og dette gjer den svært miljøvennleg. Sauen opprettheldt gjennom beiting kulturlandskapet og hindrar attgroing. Ulla vert sendt til England for å vaskast, men 20-30 prosent av den vert sendt tilbake, og i eit globalt perspektiv er ulla framleis kortreist. Formidle, dele og lære om ull! All denne kunnskapen om ull og ferdigheitene i korleis ein jobbar med ull, vil Norges Husflidslag dele og utvikle i åra som kjem. Vi vil lære opp morgondagens forbrukar, ivareta kulturarv, skape merksemd omkring miljø og kulturarv, og ikkje minst fremje skaparglede og kreativitet i møte med ulla og alle dei teknikkane ein kan bruke når ein jobbar med materialet! Ullialt er eit landsomfattande prosjekt, kor alle lokallag, handverkarar, butikkar og omverda vert oppfordra til å være med på ferda! Meir om Ullialt på www.husflid.no/fagsider/ullialt
1 Comment
Stort internasjonalt seminar på Nordhordland Folkehøgskule, Frekhaug 15.mai kl. 9-15.30
Kva har skjøtsel av landskapet, biologisk mangfald, jorderosjon og sauer med bunader og ei klimapositiv lue å gjere? Både tekstilar og mat er ein del av kvardagen vår. Og medan utviklinga av lokal mat har resultert i auka kunnskap og val, kan ein seie det same for tekstilar og klede? Tysdag 15. mai vert det samla internasjonale forskarar, sauebønder, byråkratar, tekstilprodusentar, designstudentar og produsentar av klede på Nordhordland folkehøgskule for å diskutere lokale klede og om dette kan bli ein oppfølger til lokalmat-suksessen. Kva tenkjer folk flest vis du spør om lokale klede? -Bunad? -Fanakofta ? Høgst sannsynleg. Men vi har alle ein kleskultur som er forankra i landskapet og livet der vi bur. Lokale klede kan være klede laga av lokale råvarer eller klede produsert lokalt. Ull frå sauene oppe i lia spunne på lokalt spinneri og så strikka eller vevd i nærområdet kan gje tilleggsverdi på line med lokalmat. Kva er miljøgevinsten? Og kva betyr det for lokalsamfunna i Nordhordland, som kan bli Norges første biosfæreområde? Det handlar om meir enn mindre transport og strengare regulering. Ei betre utnytting av lokale råvarer og kultur kan gje betre produkt. Arr: KRUS (forskingsprosjekt), Region Nordhordland (Nordhordland UNESCO biosfærekandidat/ forprosjekt ULL), Lyngheisenteret på Lygra, Ullveka 2018 Program: For å lære meir om dette, har vi invitert internasjonale akademikarar og ekspertar som jobbar med feltet på ulike måtar. Programmet er foreløpig og kan bli endra: http://www.hioa.no/eng/Events/Warm-threads-clothing-landscape Påmelding: webshop.hioa.no/produkt/warm-threads-clothing-landscape/ PS! Påmeldingsfristen er 5.mai, sjølv om det står 24.april på linken Billettpris inkl. lunsj: kr 450 / kr 100 for student TORSDAG 15. FEBRUAR
kl 17.30 – 21.00 Dampen i Knarvik Hagelia 6 , under Nordhordlandbrua. HALD AV DATO - PROGRAM KJEM! Helga Gunerius Eriksen VI BYGGER OM - ei utstilling med broderte bilde og dikt for alle aldrar ! Sommarutstillinga i Kvamsdals fargeri vart haustutstilling. Utstillinga er ope i Ullveka etter avtale med Alf Strand i Ullveka, 22. sept t.o.m. 1. okt. tel 41 61 09 78 / 56 16 62 00. ! Kunstnaren har samla skattar frå skuffer og skrap frå grøfter og laga broderte bilde og poetiske tekstar for alle aldrar. Bildeserien er ei forteljing om katastofe og gjenoppbygging – frå krise til nytt håp. Utstillinga tek utgangspunkt i verdssituasjonen i dag, med krig og terror og menneske på flukt. Dette er ei forteljing om korleis det øydelagde kan reparerast og brukast om att til noko nytt og levande. Materialbilde av tekstil, broderigarn, pynteband, knappar, skruar, spiker, gaupepels, fjør, ormeskinn, paljettar, skjel, plastleiker, ymse skrot. ! Helga Gunerius Eriksen er cand. mag. med faga keramikk og filosofi og forfattar av eit tjuetals bøker for barn, unge og vaksne. Ho har skrive dramatikk, poesi, tekstar for tidsskrift og terreng, musikk og dans, utstillingskatalogar og antologiar. Ho har også illustrert eigne bøker på porselen og tekstil. Ho har motteke Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen. Litt om Kvamsdal fargeri på Masfjordnes; Utstillinga i Kvamsdals fargeri vitnar om 60 års industrihistorie på Sandnes. Det fortel om ein type småbedrift som var vanleg på Vestlandet på 18- og 1900-talet. Eigarane følgde utviklinga og moderniserte verksemd a som var i drift heilt fram til 1950-talet. Det meste av inventaret i fargeriet er intakt og står slik det stod då det vart lagt ned i 1954. Representanter fra Hordaland Husflidslag og Husflidskonsulenten i Hordaland tar toget til Voss! kl 09.59 mandag 25. september! Det blir strikking ombord, rådgivning, tips og trix! Når toget stopper på Voss stasjon finner du denne flotte gjengen på strikkekafe hos "Tre Brør Kafé" midt på Vossevangen fra kl 11.30 - 14.00. Etter dette går turen med toget tilbake til Bergen. Ta kontakt og slå av en strikkeprat! Viktig; Meld fra om du vil være med toget til Voss på mail til [email protected] pga av gruppebestilling av billett. Noe av reiseutgiftene sponser Hordaland Husflidslag. Siste påmelding med sponsing av billetten er torsdag den 21.sept. kl 20. Arr: Hordaland Husflidslag og Husflidskonsulenten i Hordaland Vi gjentar suksessen fra i fjor og har invitert skoler i hele Nordhordland til å være med å lage den tredje ULLBYEN i historien. I fjor deltok over 1000 elever i dette prosjektet – som endte i en fantastisk utstilling i Knarvik Senter. Nærmere 2000 bydeler ble stilt ut – til små og store sin varme begeistring. I år har utfordringen nok en gang gått ut til skoleelever og lærere – denne gang ønsker vi å lage en kreativ by med tema: SJØ OG LAND. Her er alt lov – elevene kan fritt bruke sin kreativitet innenfor dette temaet. Utstillingen åpner fredag 22. september i Knarvik senter, og skolene er godt i gang med produksjonen av årets by og nålene stikker i full fart! ULLBYEN er også i år laget av tredimensjonale figurer i 100% norsk, kardet ull. Ullen og filteutstyr til prosjektet er en gave fra Hillesvåg Ullvarefabrikk og Knarvik Senter til de skolene som har meldt seg på. Bydelene leveres på Senterkontoret i Knarvik innen fredag 15. september. Vi gleder oss til åpningen i Knarvik Senter 22. september!
Ta med venner og familie og gå på oppdagelsestur i Ullbyen! TORSDAG 23. MARS kl 17.30 – 21.00 Dampen i Knarvik Hagelia 6 , under Nordhordlandbrua. Gratis inngang. PROGRAM Velkommen v/ Karin F. Svarstad og Torhild Kvingedal Øyvind Myhr, leiar Hillesvåg Ullvarefabrikk Krus prosjektet v/ Forskar Ingunn Grimstad Klepp og Tone Tobiasson Årolilja S. Jørgensrud, Krivi Vev, Tingvoll Norske Filtmakere v/leiar Sissel Midtlid Meland Antirust v/ Stig Ove Jacobsen Snakkepause med kaffi og kaker Lindås og Meland Sau & Geit, v/ Ove Holmås Alf Ottar Folkestad, leiar Norsk Villsaulag Biosfæreprosjektet v/ Petter Emil Kaland Oppsummering - og vel heim TEMA: ULL SOM NÆRING Berre ca 20 % av den norsk ulla vert i dag brukt i Norge. Nesten all ull vert sendt til England for vasking. Kor vart det av den norske tekstilindustrilen som brukte norsk ull ? Kva skjer i dag , kan bruk av norsk ull gje grunnlag for ny næringsutvikling ? Er kvaliteten og økonomien god nok for dette ? Formålet er å få ut meir kunnskap om korleis ulla vert brukt i dag, kva ressurs den norske ulla har vore, og sjå på nye moglegheiter for auka satsing på norsk ull. Målgruppa for møtet er sauebønder, handverkarar, husflid, industri og folk med interesse for ein berekraftig ressurs. ARR: ULLVEKA VED LYNGHEISENTERET, HILLESVÅG ULLVAREFABRIKK OG SOMMERAKADEMIET Kvamsdal Fargeri i Masfjorden har ei flott utstilling og bildeforteljing under Ullveka. PERI OG PETI VENDER OM AV HELGA GUNERIUS ERIKSEN Helga Gunerius Eriksen er forfattar av eit tjuetals bøker for barn og unge, dramatikk, bøker for vaksne, tverrkunstnarlege prosjekt, tekstar til tidsskrift og terreng, ny musikk og ballett, utstillingskatalogar og antologiar. Ho har motteke Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen. Eriksen er cand.mag. i keramikk og filosofi, og har illustrert eigne bøker på porselen og tekstil. Si siste bok har ho illustrert med applikasjon og broderi. Peri og Peti er to små vener som vågar seg ut i verda for å oppleve luktene og lydane der. Men brått blir det skummelt! Då gjeld det å kome seg fort bort. Helga Gunerius Eriksen har skrive og sydd denne store, vesle forteljinga om Peri og Peti. Resultatet er blitt ei perle av ei bildebok til glede for både små og store lesarar. Omvisning i utstillinga i perioden 22.-30. oktober etter avtale med Alf Strand, Masfjorden kommune, tel 41610978. KVAMSDALS FARGERI Utstillinga i Kvamsdals fargeri vitnar om 60 års industrihistorie på Sandnes. Det fortel om ein type småbedrift som var vanleg på Vestlandet på 18- og 1900-talet. Eigarane følgde utviklinga og moderniserte verksemda som var i drift heilt fram til 1950-talet. Det meste av inventaret i fargeriet er intakt og står slik det stod då det vart lagt ned i 1954. Les meir HER Vigdis Valde har i fleire år virka som kurslærar i spinning, mest for Nordhordland husflidslag. Til dagleg arbeider ho i skulen som inspektør og faglærar i kunst- og handverk. Vigdis arbeider mest med lokal ull frå villsau. Det har ho eksprimentert med opp mot ti år. I 2010 tok ho faget "Tekstilkultur" frå Vestnorsk Kulturakademi på Voss. Der leverte ho oppgåva "Spinning - kvalitet eller kuriosa?", ei oppgåve som tok utgangspunkt i noko av tektilhistoria i Meland kommune med fokus på tradisjonell spinning av sokkegarn. I november 2013 var ho medd på NRK sitt minutt-for-minutt-prosjekt "Frå sau til genser" som spinnar. Ta med matpakke på laurdag. Fredag 28 - 29.oktober Sted: Hillesvåg Ullvarefarbikk - Husflidens hus Pris: 1600,- Fredag 18:00-21:00 og lørdag 09:00-16:00. Påmelding til post@ull, tlf: 56357800 Arr: Hillesvåg Ullvarefabrikk |
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
August 2018
Categories |