Stort internasjonalt seminar på Nordhordland Folkehøgskule, Frekhaug 15.mai kl. 9-15.30
Kva har skjøtsel av landskapet, biologisk mangfald, jorderosjon og sauer med bunader og ei klimapositiv lue å gjere? Både tekstilar og mat er ein del av kvardagen vår. Og medan utviklinga av lokal mat har resultert i auka kunnskap og val, kan ein seie det same for tekstilar og klede? Tysdag 15. mai vert det samla internasjonale forskarar, sauebønder, byråkratar, tekstilprodusentar, designstudentar og produsentar av klede på Nordhordland folkehøgskule for å diskutere lokale klede og om dette kan bli ein oppfølger til lokalmat-suksessen. Kva tenkjer folk flest vis du spør om lokale klede? -Bunad? -Fanakofta ? Høgst sannsynleg. Men vi har alle ein kleskultur som er forankra i landskapet og livet der vi bur. Lokale klede kan være klede laga av lokale råvarer eller klede produsert lokalt. Ull frå sauene oppe i lia spunne på lokalt spinneri og så strikka eller vevd i nærområdet kan gje tilleggsverdi på line med lokalmat. Kva er miljøgevinsten? Og kva betyr det for lokalsamfunna i Nordhordland, som kan bli Norges første biosfæreområde? Det handlar om meir enn mindre transport og strengare regulering. Ei betre utnytting av lokale råvarer og kultur kan gje betre produkt. Arr: KRUS (forskingsprosjekt), Region Nordhordland (Nordhordland UNESCO biosfærekandidat/ forprosjekt ULL), Lyngheisenteret på Lygra, Ullveka 2018 Program: For å lære meir om dette, har vi invitert internasjonale akademikarar og ekspertar som jobbar med feltet på ulike måtar. Programmet er foreløpig og kan bli endra: http://www.hioa.no/eng/Events/Warm-threads-clothing-landscape Påmelding: webshop.hioa.no/produkt/warm-threads-clothing-landscape/ PS! Påmeldingsfristen er 5.mai, sjølv om det står 24.april på linken Billettpris inkl. lunsj: kr 450 / kr 100 for student
0 Comments
|
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
August 2018
Categories |