Helga Gunerius Eriksen VI BYGGER OM - ei utstilling med broderte bilde og dikt for alle aldrar ! Sommarutstillinga i Kvamsdals fargeri vart haustutstilling. Utstillinga er ope i Ullveka etter avtale med Alf Strand i Ullveka, 22. sept t.o.m. 1. okt. tel 41 61 09 78 / 56 16 62 00. ! Kunstnaren har samla skattar frå skuffer og skrap frå grøfter og laga broderte bilde og poetiske tekstar for alle aldrar. Bildeserien er ei forteljing om katastofe og gjenoppbygging – frå krise til nytt håp. Utstillinga tek utgangspunkt i verdssituasjonen i dag, med krig og terror og menneske på flukt. Dette er ei forteljing om korleis det øydelagde kan reparerast og brukast om att til noko nytt og levande. Materialbilde av tekstil, broderigarn, pynteband, knappar, skruar, spiker, gaupepels, fjør, ormeskinn, paljettar, skjel, plastleiker, ymse skrot. ! Helga Gunerius Eriksen er cand. mag. med faga keramikk og filosofi og forfattar av eit tjuetals bøker for barn, unge og vaksne. Ho har skrive dramatikk, poesi, tekstar for tidsskrift og terreng, musikk og dans, utstillingskatalogar og antologiar. Ho har også illustrert eigne bøker på porselen og tekstil. Ho har motteke Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen. Litt om Kvamsdal fargeri på Masfjordnes; Utstillinga i Kvamsdals fargeri vitnar om 60 års industrihistorie på Sandnes. Det fortel om ein type småbedrift som var vanleg på Vestlandet på 18- og 1900-talet. Eigarane følgde utviklinga og moderniserte verksemd a som var i drift heilt fram til 1950-talet. Det meste av inventaret i fargeriet er intakt og står slik det stod då det vart lagt ned i 1954.
0 Comments
Representanter fra Hordaland Husflidslag og Husflidskonsulenten i Hordaland tar toget til Voss! kl 09.59 mandag 25. september! Det blir strikking ombord, rådgivning, tips og trix! Når toget stopper på Voss stasjon finner du denne flotte gjengen på strikkekafe hos "Tre Brør Kafé" midt på Vossevangen fra kl 11.30 - 14.00. Etter dette går turen med toget tilbake til Bergen. Ta kontakt og slå av en strikkeprat! Viktig; Meld fra om du vil være med toget til Voss på mail til [email protected] pga av gruppebestilling av billett. Noe av reiseutgiftene sponser Hordaland Husflidslag. Siste påmelding med sponsing av billetten er torsdag den 21.sept. kl 20. Arr: Hordaland Husflidslag og Husflidskonsulenten i Hordaland |
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
August 2018
Categories |