Tekst: Norges Husflidslag
Om prosjektet Ull er eit materiale med ein lang tradisjon i Norge, som fortsatt vert mykje brukt og som har fantastiske kvalitetar. Likevel heldt materialkunnskapen på å forsvinne, og det same gjeld ferdigheitene knytt til korleis ull kan brukast og foredlast. Dette vil Norges Husflidslag endre, og fram til 2018 skal difor norsk ull i alt stå fremst på agendaen! Å bruke ull har ei lang tradisjon i Norge, og det eldste ullplagget vi har funne her til lands er heile 1700 år gammalt. Fram til industrialiseringa var ull saman med lin det dominerande tekstilet. Vadmelstøy, strikka genserar og jakker, strømper, luer og vottar var laga i heimespunne garn av ull frå norske sauerasar. I strikkeplagga ser vi og ein rik mønster-flora som stadig vert vidareført og utvikla, og tradisjonelle mønstre som dei frå Setesdal, Fana, Selbu og Nordland er alle utvikla med utgangspunkt i den norske ulla. Ein rik mønstertradisjon finn vi og i vevinga av ulike innreiingstekstiler som åkle, dukar og båtryer, med utallege lokale variantar. Her har ulla vore eit sjølvsagt materiale. I den norske biletvevtradisjonen har det også blitt brukt dekkhårsull av spælsau. Ull har altså vore, og er framleis, eit populært materiale – og ulla dukkar både opp som ein del av høy-søm (haute couture) og kvardagsmoten. Norsk ull har fantastiske kvalitetar Ull er heilt unikt materiale, med mange fantastiske kvalitetar. Ulla isolerer mot kulde og varme, den kan ta opp 35-40 prosent fuktigheit før den kjennes fuktig, den har styrke og spenst, den kan filtast sånn at den vert vassavstøytande og gir slitesterke plagg som kan brukast gang på gang! Kort sagt er ull eit materiale med utruleg mange gode eigenskaper. Sauerasane i Norge er tilpassa eit vått og kaldt klima, og ulla deira likeins. Så den norske ulla er perfekt til ytterbruk. For mange er den for grov til å ha rett på kroppen, men den egner seg godt til handstrikkegarn og teppegarn. Kortreist og miljøvennleg I motsetning til store deler av verdas tekstilindustri, så er den norske ulla miljøvennleg, kortreist og eit etisk godt produkt. Gjennom generasjonar har det blitt lagt vekt på avl og god sortering av ull, og Norge er det einaste landet som har nasjonal klassifisering av ulla. Sauen er vaksen opp i eit kaldt klima og eit rent miljø, med lite sjukdom og bruk av sprøytemidlar, og dette gjer den svært miljøvennleg. Sauen opprettheldt gjennom beiting kulturlandskapet og hindrar attgroing. Ulla vert sendt til England for å vaskast, men 20-30 prosent av den vert sendt tilbake, og i eit globalt perspektiv er ulla framleis kortreist. Formidle, dele og lære om ull! All denne kunnskapen om ull og ferdigheitene i korleis ein jobbar med ull, vil Norges Husflidslag dele og utvikle i åra som kjem. Vi vil lære opp morgondagens forbrukar, ivareta kulturarv, skape merksemd omkring miljø og kulturarv, og ikkje minst fremje skaparglede og kreativitet i møte med ulla og alle dei teknikkane ein kan bruke når ein jobbar med materialet! Ullialt er eit landsomfattande prosjekt, kor alle lokallag, handverkarar, butikkar og omverda vert oppfordra til å være med på ferda! Meir om Ullialt på www.husflid.no/fagsider/ullialt
1 Comment
|
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
August 2018
Categories |