LØRDAG 22.OKTOBER 2022
10.00-11.00 - REGISTRERING 11.00-11.45 "BØT OG BETRING" med HEGE THERESE NILSEN, Husflidskonsulent i Hordaland. Hege har jobba med prosjektet "Holdbart" og "Alt kan fikses" i fleire år Du får høyre om ulike metoder for å bøte på tekstiler og korleis ein kan forlenge levetida til tekstilane vi har i heimen. Ho vil og demonstrera og vise praktiske tips og triks. Kjøp billett til "Bøt og betring" 12.15.13.00 GAMMALNORSK SPÆLSAU - Ulla frå sauen til ferdig garn (18.-20.okt)
Historia om den gammalnorske spælsauen og korleis den ble redda frå å døy ut. Denne hardføre og fargerike sauen er spesiell med sin mjuke underull og sine lange glansfulle dekkhår. Hos Lars Tyssebotn og Berit Ophus på Osterøy kan du være med å følgje ulla frå sauen til ferdig garn. Kurshaldarar: Berit Ophus og Lars Tyssebotn Stad: På garden til Berit og Lars på Bernes, og Fjordslottet Hotell. Tid: 18-21 (fredag), 9-21 (laurdag), 10-12 (sundag) Pris: kr 1100,- (3 dagar) + hotellopphald 3 dagar på Fjordslottet Hotell Arr: Fjordslottet i samarbeid med Osterøy Ysteri For fullstendig program sjå her. |
VEVING PÅ OPPSTADVEV (19.-20.okt)
På kurset vil ein lære å veve på ein oppstadvev. Vi vil hente inspirasjon frå tradisjonell veving og frå museumssamlingane og bruke fantasien til å skape nye utrykk i veven. Kurshaldar: Monika Ravnanger. Stad: Osterøy Museum, Gjerstad v/Lonevåg Pris: kr 3200,- (2 dagar, inkl. materialar) For fullstendig program sjå her. |
KREATIV TOVING (19.-20.okt)
Skulptur, store og små steinar i ull. To dagar med kreativ utfolding og med inspirasjon og påfyll. Tema er stein, riktig kreativt der mjukt materiale blir til stein. Kurshaldar: Nina Tvedt Sliper Stad: Fana, Bergen Pris: kr 1785,- (2 dagar) For fullstendig program sjå her. LAG DINE EIGNE TRESKO (19.-20.okt)
Kurset vert halde i Hosanger treskofabrikk, Osterøy. Her har vore produsert store mengder tresko for sal til bergensarar og strilar. Fabrikken er i dag i drift som eit samarbeide mellom frivillige og Osterøy museum. På kurset lærer å bruke maskinene og lagar eit par tresko du kan ta med deg heim. Stad: Hosanger treskofabrikk i Hosanger på Osterøy Pris: kr 3200,- (2 dagar, inkl. materialar) For fullstendig program sjå her. |
SPINNEKURS PÅ GRIPEN (19.okt)
Ulla sin veg frå sau til garn. På idylliske Gripen gard får du lære om kvalitetane ved ulla og prosessen rundt spinning av ulike typar garn. Dette kurset passer saman med kurs i plantefarging (20/10) og brikkevev (27/10). Kurshaldarar: Vigdis Valde og Helene Olli Sollid. Stad: Gripen gard Tid: kl 12-16 Pris: kr 600,- (inkl. kaffe og ”søtsaker”) |
PLANTEFARGING PÅ GRIPEN (20.okt)
Farging av ull med planter vi finn i naturen. På idylliske Gripen gard får du lære om kvalitetane ved ulla og prosessen plantefarging av garn. Garn får du kjøpt på Gripen. Du kan også bruke eige garn. Dette kurset passer saman med kurs i spinning (19/10) og brikkevev (27/10). Kurshaldar: Helene Olli Sollid. Stad: Gripen gard Tid: kl 12-16 Pris: kr 600,- (inkl. kaffe og ”søtsaker”) Arr: Gripen gard |
RÅULL OG FABRIKKSTRIKK - (25.-26.okt)
Eit kurs i å kombinera råull frå lokale sauer med fabrikkstrikka ullmateriale, og ved toving og våtbearbeiding, saum og handbrodering få fram eit ferdig produkt. Kurshaldarar: tekstilkunstnar Else Karin Tysse Bysheim og designar Astrid Tveiten, Norlender. Stad: Norlender Knitwear as, Osterøyvegen 2184, Hosanger Tid: kl 17-20 (fredag), 10-16 (laurdag) Pris: kr 1500,- (2 dagar) Materialkostnader kjem i tillegg. Arr: Norlender i samarbeid med Osterøy Kunstlag For meir informasjon sjå her. |
KURS: SPINNING PÅ HANDTEIN (to kurs: 26.okt og 27.okt)
Lær deg å spinne på handtein med Ronja Cecilie Moås Ronja Cecilie Moås selde ut to kurs hos Bergen Strikkefestival på eit par dagar, men no har du ei sjanse til i Ullveka, på idylliske Lyngheisenteret på Lygra. Dette spinnekurset gjev deg grunnleggjande innføring i korleis du spinn og tvinnar ditt eige garn ved hjelp av handtein. Handteinen er eit billig og nybyrjarvennleg spinneverktøy som har vært i bruk i uminnelege tider. Dette dagskurset passar både for dei som aldri har prøvd handtein tidlegare og dei som har prøvd, men ikkje heilt fått dreisen på det. Du kan låne handtein på kurset, men om du har ein liggande må du gjerne ta med deg denne! Kurshaldar: Ronja Cecilie Moås Stad: Lyngheisenteret på Lygra Tid: kl 12-16 Pris: kr 750,- (inkl. lunsj) Arr: Lyngheisenteret på Lygra www.lyngheisenteret.no FLETTING AV HOSEBAND (26.-27.okt)
Hoseband er eit viktig tilbehør til mange av bunadene våre. På dette kurset lærer du korleis du kan flette desse sjølv. Vi tar utgangspunkt i hosebanda til herrebunadane frå Nordhordland eller Fana, men teknikken er den same for andre bunader. Materialar kan kjøpast frå kurslærar for 50 kr eller du kan ta med eige. Kurshaldar: Aud Marit Halland Stad: Bergen husflidslag sine lokale, Jonas Reins gate 4 i Bergen Tid: kl 10-16 Pris: kr 1350,- (2 dagar) Arr: Bergen Husflidslag www.husflid.no |
NÅLEBINDING (27.okt)
Nålebinding er ein gammal masketeknikk utført med nål og tråd. Nåla er stor og det er med den at løkkene vert bunde saman. Kurshaldar har med nødvendig materiale. Kurset passar for nybegynnarar. Kurshaldar: Espen Kutchera. Stad: Husflidens Hus, Hillesvåg Tid: kl 10-13 Pris: kr 400,- Arr: Nordhordland Husflidslag i samarbeid med Bymuseet i Bergen |
BRIKKEVEV (27.okt)
På idylliske Gripen gard får du lære å veve på brikkevev. Du kan lage belte og band med utallege mønstervariasjonar. Garn fås kjøpt på Gripen. Du kan også bruke eget garn. Dette kurset passer saman med kurs i spinning (19/10) og plantefarging (20/10). Kurshaldar: Lucia Andalová Stad: Gripen gard Tid: kl 11-16 Pris: kr 750,- (inkl. lunch og kaffe) Arr: Gripen gard |